Når ein no skal starte opp arbeidene i «Ekspertutvalet for klimavennlege investeringer», håper eg ein går mot det *EU kommisjonen har valgt å gjere, nemleg ta med gass frå fossile kjelder og atomkraft som del av taksonomien. Ei slik utvikling er heilt feil om ein vil utvikle klimavenlege investeringer.
I «Politisk kvarter» i dag, snakka ein om utvikling av havvind. Dette er eit felt ein må utvikle vidare. Men om ein skal utvikle noko, må ein ikkje då fyrst finne ut kvar ein står før ein avgjer kva veg ein går?
I dag vert offentlege investeringer kanalisert gjennom Enova og Inovasjon Norge. Kvifor er det delt opp i 2 organisasjonar? Vil det ikkje være både enklare for dei som investerer og rimelegare for staten å kanalisere dette arbeidet gjennom ein kanal?
Eg vil at ein skal sjå på kva som skjer innan utvikling av solceller også i forhold til privat hushald. Forrige regjering kom til at her kunne ein redusere stønaden då incitamentet for verksemdene var oppfylt. Men stemmer det? Er ikkje dette eit felt som må fylgjast opp vidare, og heller auke tilskotet enn å trappe ned?

{field:last_opp_fil_1538694225262}